{"title":"Alien RPG","description":null,"products":[{"product_id":"uten-tittel-27-aug-_21-00-07","title":"ALIEN RPG Character Tracker - Førehandsbestilling","description":"\u003cp\u003eHald styr på det viktigaste gjennom spelet – utan papir, notat eller mobilen på bordet.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e\u003cstrong\u003eALIEN RPG Character Trackeren\u003c\/strong\u003e frå Miniastyr er laga for å gi deg ein enkel og fysisk måte å halde oversikt over karakteren din medan du speler. Flytt dei magnetiske kulene og drei på teljehjula etter kvart som stresset aukar, helsa fell eller ressursane byrjar å ta slutt.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eTrackeren er laga i MDF og har innebygde magnetar som held stålkulene på plass. Teljehjula gjer det enkelt å justere verdiar undervegs, medan eigne markørar held styr på tilstandar og Stress Responses.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eTrackeren er utvikla med utgangspunkt i mekanikkane i ALIEN RPG Evolved Edition, og fokuserer på verdiar som faktisk endrar seg gjennom spelet.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e \u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e\u003cstrong\u003eDette følger med\u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cul\u003e\n\u003cli\u003eTracker med innebygde magnetar\u003c\/li\u003e\n\u003cli\u003eMagnetiske stålkuler til markørane\u003c\/li\u003e\n\u003cli\u003eTeljar for Health\u003c\/li\u003e\n\u003cli\u003eTeljar for Stress Level\u003c\/li\u003e\n\u003cli\u003eTeljar for Radiation\u003c\/li\u003e\n\u003cli\u003eTeljar for Story Points\u003c\/li\u003e\n\u003cli\u003eMarkering av Resolve\u003c\/li\u003e\n\u003cli\u003eMarkør for Fatigued\u003c\/li\u003e\n\u003cli\u003eMarkørar for dei seks Stress Responses: Jumpy, Tunnel Vision, Aggravated, Shakes, Frantic og Deflated\u003c\/li\u003e\n\u003cli\u003eTeljarar for Air, Ammo og Power\u003c\/li\u003e\n\u003c\/ul\u003e\n\u003cp\u003e \u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e\u003cstrong\u003eStress, skade og panikk – samla på éin plass\u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eStress står sentralt i ALIEN RPG, og trackeren gjer det enkelt å sjå både Stress Level og aktive Stress Responses utan å stadig endre på character sheetet.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eNår karakteren blir skadd, utsett for stråling eller blir Fatigued, kan dette òg markerast direkte på trackeren. Dermed har du dei viktigaste verdiane framfor deg når situasjonen begynner å bli kritisk.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e \u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e\u003cstrong\u003eHald styr på ressursane\u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eI ALIEN RPG kan luft, ammunisjon og straum vere minst like viktig som Health.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eTrackeren har derfor eigne teljarar for Air, Ammo og Power, slik at du enkelt kan justere Supply Ratings etter kvart som ressursane blir brukte opp.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eAlt er samla på éin plass og klart til bruk ved spelebordet – slik at du kan bruke mindre tid på å viske og skrive, og meir tid på å bekymre deg for kva som lagar den lyden i ventilasjonssystemet.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e \u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e\u003cstrong\u003eMerk\u003c\/strong\u003e: Dette er ei førehandsbestilling. Forventa utsending er frå 1. oktober 2026. Andre varer som blir bestilte saman med dette produktet, blir sende samtidig med førehandsbestillinga.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e \u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e\u003cem\u003eDesigna og produsert av Miniastyr i Noreg.\u003c\/em\u003e\u003c\/p\u003e","brand":"Miniastyr","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":46820429594821,"sku":null,"price":399.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0554\/2625\/2997\/files\/rn-image_picker_lib_temp_0937e4e9-f63f-448a-b2d8-8f87ebd85f85.jpg?v=1787857696"}],"url":"https:\/\/miniastyr.no\/collections\/alien-rpg.oembed","provider":"Miniastyr","version":"1.0","type":"link"}