Eg var så heldig å finne desse små trebåtane på ein bruktbutikk i Ulsteinvik. Han hadde i si tid fått kjøpt dei frå eit dødsbo frå ein gamal mann som hadde som hobby å skjære ut båtar i tre. Eg ville lage desse små diorama uten å gjere noko med arbeidet han har lagt ned i båtane, men vise dei fram. Det å kunne bruke hans handverk i noko lite eg laga, gir meg så mykje.