{"product_id":"dnd-character-tracker","title":"DnD Character Tracker – førehandsbestilling","description":"\u003cp\u003eHald styr på det viktigaste gjennom spelet – utan papir, notat eller mobilen på bordet.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eD\u0026amp;D Character Trackeren frå Miniastyr er laga for å gi deg ein enkel og fysisk måte å halde oversikt over karakteren din medan du speler. Flytt dei magnetiske kulene og drei på teljehjula etter kvart som verdiar endrar seg, slik at du alltid har oversikta rett framfor deg.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eTrackeren er laga i MDF og har innebygde magnetar som held stålkulene på plass i spora. Teljehjula på toppen gjer det enkelt å justere verdiar undervegs i spelet.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e\u003cstrong\u003eDette følger med\u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cul\u003e\n\u003cli\u003eTracker med magnetar\u003c\/li\u003e\n\u003cli\u003eTeljehjul for dei ulike verdiane\u003c\/li\u003e\n\u003cli\u003eEkstra delar som gjer det mogleg å lage opptil 6 teljarar frå 0–59\u003c\/li\u003e\n\u003cli\u003eEigen HP-teljar frå 0–399\u003c\/li\u003e\n\u003cli\u003eMagnetiske stålkuler til alle teljarane\u003c\/li\u003e\n\u003cli\u003e4 ekstra kuler, med eigen lagringsplass i trackeren\u003c\/li\u003e\n\u003cli\u003ePersonleg namneplate med opptil to valfrie namn\u003c\/li\u003e\n\u003c\/ul\u003e\n\u003cp\u003e \u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e\u003cstrong\u003eGjer trackeren til din eigen\u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eDelen som på bileta er merka med «D\u0026amp;D Tracker» kan tilpassast med namn du sjølv vel.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eNamneplata kan graverast på begge sider, slik at du kan velje to ulike namn på same plate. Det kan for eksempel vere namna på to forskjellige karakterar – berre snu plata når du byter karakter.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e \u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e\u003cstrong\u003eIkkje berre for D\u0026amp;D\u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eDet følger med ekstra delar som kan brukast saman med teljehjula. Desse gjer at du kan sette opp seks separate teljarar som kvar går frå 0 til 59.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eDet betyr at trackeren ikkje berre treng å brukast til D\u0026amp;D. Du kan tilpasse teljarane etter kva du sjølv treng å halde styr på, og bruke trackeren i andre rollespel, miniatyrspel eller brettspel der du har behov for fysiske teljarar.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eAlt er samla på éin plass og klart til bruk ved spelebordet.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e \u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e\u003cstrong\u003eMerk:\u003c\/strong\u003e Dette er ei førehandsbestilling. Forventa utsending er \u003cstrong\u003efrå 1. oktober 2026\u003c\/strong\u003e. Andre varer som blir bestilte saman med dette produktet, blir sende samtidig med førehandsbestillinga.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e \u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e\u003cem\u003eDesigna og produsert av Miniastyr I Noreg. \u003c\/em\u003e\u003c\/p\u003e","brand":"Miniastyr","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":46757939511493,"sku":null,"price":499.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0554\/2625\/2997\/files\/PSX-20260819_131914.jpg?v=1787140794","url":"https:\/\/miniastyr.no\/en-eu\/products\/dnd-character-tracker","provider":"Miniastyr","version":"1.0","type":"link"}