"I eit hòl i marka budde det ein hobbit. Ikkje eit ufjelgt, skitvore og vått hòl, fylt med makk og sure eimar, og heller ikkje eit turt, bert sandhòl utan noko å sitje på eller ete; det var ei hobbithole, og det tyder trivsel."
Sitert frå "ditut og attende", den nynorske omsetninga av hobbiten. Og her får du di eiga hobbithole å sette i stova, anten i ei krok, blant plantane eller i bokhylla.
Desse er laga med måla 10 cm x 18 cm, med varierte frontar og vegetasjon. Når du kjøper ei av desse, kjøper du ei tilfeldig hobbithole i dei måla. Kvar hobbithole har både busker, gras og tre, og er både trivelig og fargerik.
Om du vil ha ei spesifikk ei som er avbilda, kan du skrive kva for ei du vil ha i ein kommentar på ordren. Om den allereie er solgt, vil eg lage ei tilsvarende ei til deg på bestilling.