Om oss

Hei, og velkomen til Miniastyr!

Miniastyr er ein liten verkstad med store idéar.

Her lagar me alt frå miniatyrar, terreng og tilbehøyr til diorama, booknooks, laserkutta produkt, 3D-printa modellar og handlaga produkt. Kvart prosjekt blir til med glede for handverk, kreativitet og ønsket om å lage noko som varer.

For oss handlar Miniastyr om meir enn produkta me sel. Me ønskjer å inspirere andre til å skape, vere kreative og samle folk rundt hobbyar og interesser dei er glade i.

Korleis det byrja

Eg heiter Ole Martinus Breivik, og er grunnleggjaren av Miniastyr.

Eg er fødd og oppvaksen på Gjerdsbakkane, ein gard på Dimnøya på Sunnmøre. Der lærte eg tidleg verdien av å skape noko med eigne hender. Eg voks opp med snekring, vedlikehald og små og store byggeprosjekt, og fekk lære mykje av familien undervegs.

Samtidig vaks interessa for miniatyrar, modellbygging og kreative prosjekt. Eg brukte timevis på å bygge, male og eksperimentere, og den interessa har berre blitt sterkare med åra.

Det som starta som ein hobby, har etter kvart utvikla seg til Miniastyr.

Eit samarbeid

Miniastyr er i dag meir enn berre meg.

Gjennom samarbeidet med Tonje har Miniastyr fått endå fleire uttrykk. Ho lagar mellom anna sydde og strikka produkt, handstøypte lys laga av lysrestar og andre kreative prosjekt der gjenbruk står i sentrum.

Ho er også ein viktig del av mange av prosjekta mine. Frå dei første idéane til ferdige produkt kjem ho ofte med innspel, testar løysingar saman med meg og hjelper til undervegs. Me utfyller kvarandre godt, og mange av produkta blir betre nettopp fordi me utviklar dei saman.

Me deler interessa for handverk, skaparglede og berekraft, og ønskjer å vise at gamle materiale og enkle råvarer kan få nytt liv gjennom kreativitet.

Kvifor heiter det Miniastyr?

Namnet kom etter ein idédugnad med familien, og det passa perfekt.

Eg "miniastyrar" med litt av kvart. Dei fleste idéane handlar om miniatyrar og spel, men eg trivst like godt med trearbeid, laserskjering, 3D-printing og andre kreative prosjekt. Ideane dukkar ofte opp når eg held på med noko heilt anna, og skissebøkene mine er fulle av ting eg har lyst til å lage ein dag.

Miniastyr handlar derfor ikkje berre om miniatyrar – det handlar om skaparglede.

Kva lagar me?

I dag arbeider me mellom anna med:

  • Miniatyrar og speltilbehøyr
  • Terreng og diorama
  • Laserkutta produkt
  • 3D-printing i resin og PLA
  • Booknooks og dekorasjonar
  • Sydde og strikka produkt
  • Handstøypte lys av gjenbrukte lysrestar
  • Spesialbestillingar og eigne prosjekt

Felles for alt me lagar er ønsket om å skape noko som er personleg, gjennomtenkt og laga med omtanke.

Vår arbeidsfilosofi

Me trur på kvalitet framfor hastverk.

Mange av produkta startar som ein enkel idé eller ei skisse, og blir utvikla litt etter litt medan me arbeider med dei. Ofte prøver me ulike løysingar undervegs, gjer små justeringar og finn ut kva som fungerer best i praksis.

Det viktigaste for oss er ikkje å lage mest mogleg, men å lage produkt me sjølve ville vore stolte av å bruke eller ha ståande heime.

Sidan mykje blir laga for hand, vil små variasjonar alltid finnast. Det meiner me er ein del av sjarmen, og noko som gjer kvart produkt litt meir personleg.

Takk for at du stakk innom

Tusen takk for at du tok deg tid til å lese litt om oss og Miniastyr.

Har du spørsmål, ein idé til eit prosjekt eller ønskjer du noko spesiallaga, er du alltid velkomen til å ta kontakt. Me set stor pris på alle som ønskjer å støtte småskala handverk, kreativitet og gjenbruk.

Velkomen til Miniastyr!

 

Miniastyr

Juridisk namn: Miniastyr Breivik
Organisasjonsnummer: 929 389 557