3D-print på bestilling

Har du STL-filer, men ingen eigen printer? Eg tilbyr 3D-printing på bestilling – alt frå små miniatyrar til større modellar og terreng. Eg brukar både resin og PLA, med høg detaljgrad og kvalitetsmateriale som gjev flotte resultat, enten du er samlar, målar eller spelar.

 

Veiledande prisar (basert på 28 mm skala)

  • Infanteri: 50–100 kr per modell
  • Kavaleri: 100–150 kr per modell
  • Store modellar / monster: frå 150 kr og oppover

Den endelege prisen vert rekna ut frå materialforbruk og utskriftstid. Eg må derfor sjå filene dine før eg kan gje eit nøyaktig tilbod.

 

Materiale

Til resinprint brukar eg Siraya Tech Fast ABS-like, som kombinerer styrke, fleksibilitet og fine detaljar – perfekt for miniatyrar og modellar som skal handterast.

Til FDM-print brukar eg PLA+ frå eSun, eit slitesterkt og godt materiale som passar godt til terreng og større delar.

Begge materiala held høg kvalitet og er nøye utvalde for å gi best mogleg resultat.

 

Mengderabatt

  • 10–19 modellar: 10 % rabatt
  • 20 eller fleire modellar: 20 % rabatt

Perfekt for regiment, hærar eller større prosjekt.

 

Bestilling og kontakt

Send meg ein e-post på Miniastyr@gmail.com eller bruk kontaktskjemaet. Hugs å leggje ved:

  • STL-filer eller lenkje til filene
  • Ønskt materiale (resin eller PLA)
  • Kor mange modellar du vil bestille

Eg svarar så raskt eg kan med eit uforpliktande tilbod og estimert leveringstid.

 

Ofte stilte spørsmål

Kan du hjelpe med skalering av modellen?
Ja, eg kan tilpasse modellen etter ønska mål. Oppgje gjerne høgde eller spesifikke dimensjonar.

Kor lang er leveringstida?
Vanlegvis 3–7 arbeidsdagar, avhengig av oppdrag og kapasitet.

Kva filformat godtek du?
STL er standard, men eg kan òg bruke OBJ og 3MF.

Sender du i posten?
Ja, eg sender til heile landet. Fraktkostnad vert lagt til basert på vekt og pakking.

Kan du skaffe modellar for meg?
Nei, eg printar berre filer du sjølv eig eller har lisens til. Eg kan eventuelt tipse deg om gode stader å finne modellar.

 

Ansvar og rettar

Du er sjølv ansvarleg for at du har lovleg bruksrett til filene du sender. Eg påtek meg ikkje ansvar for brot på opphavsrett.

1 of 4
1 of 4
1 of 4