Workshopar og arrangement

Skap ~ spel ~ lær

Opplev hobbyen saman med oss.


Enten du er heilt ny eller har 
halde på i mange år, ønskjer me å skape arrangement som er lærerike, kreative og sosiale. 
Hos Miniastyr kan du prøve nye hobbyar, lære nye teknikkar og ta med deg noko du har laga sjølv.

Alle arrangement kan tilpassast både privatpersonar, familiar, venegjengar, bursdagar, skular, bedrifter, utdrikkingslag og andre grupper.


Våre kurs og workshopar

🏡 Mal di eiga hobbithole 

Skap di eiga vesle verd inspirert av Tolkien. 

På denne workshopen får du ei ferdigbygd hobbithole av 3D-printa delar, XPS-skum og MDF-plate i botn, som du målar og dekorerer sjølv. Undervegs lærer du enkle teknikkar for grunnmåling, tørrbørsting, detaljmåling og korleis små detaljar får modellen til å kome til liv. 

Når dagen er over, tek du med deg hobbithola heim. 

Passar for 

  • Nybyrjarar
  • Familiar
  • Tolkien-entusiastar
  • Kreative sjeler  

Du treng ingen forkunnskap – alt utstyr er inkludert. 

 

🏔️ Terrengkurs 

Lær korleis du byggjer eigne landskap og spelbrett.

På dette kurset går me gjennom korleis ein brukar enkle og rimelege materiale for å lage realistisk terreng til rollespel og miniatyrspel. 

Du lærer blant anna å jobbe med materiale som t.d.  

  • XPS- og EPS-skum
  • Kork
  • Sand og stein
  • Sparkel og lim
  • Flocking og statisk gras
  • Måleteknikkar
  • Enkle effektar som vatn, mose og snø 

Målet er at du skal kunne reise heim og lage flott terreng med enkle middel. 

 

🏰 Diorama- og Booknook-kurs

Bygg ei verd full av historie og detaljar

Eit diorama er meir enn ein modell – det er ei forteljing. På dette kurset lærer du korleis du kan kombinere modellar, terreng, lys og små detaljar for å skape stemningsfulle scener som fangar eit augeblikk.

Enten du drøymer om ei travel gate i ein fantasiby, ei gammal borg i ruinar eller ei hobbithole mellom bøkene i bokhylla, får du lære teknikkane som gjer ideane om til verkelegheit.

Dette er eit vidaregåande kurs, og me anbefaler at du har delteke på «Mal di eiga hobbithole» eller Terrengkurset først. Då vil du allereie kjenne dei grunnleggande teknikkane, slik at me kan bruke meir tid på design, komposisjon og detaljar.

På kurset lærer du blant anna

  • Planlegging og oppbygging av eit diorama eller ein booknook
  • Komposisjon, lys og detaljar som skaper stemning
  • Måleteknikkar og effektar som gir liv til modellen
  • Korleis kombinere ulike materiale til eit heilskapleg resultat

Kurset passar for

Perfekt for deg som ønskjer å ta hobbyen eitt steg vidare og skape unike utstillingsmodellar eller stemningsfulle booknooks. Kurset eignar seg best for deltakarar som allereie har litt erfaring med måling eller terrengbygging.

Alt du treng er inkludert

Miniastyr stiller med materiale, verktøy og rettleiing gjennom heile prosessen. Målet er at du skal reise heim med både ny kunnskap og eit prosjekt du kan vere stolt av.


🎲 Rollespel for nybyrjarar og erfarne 

Har du alltid hatt lyst til å prøve Dungeons & Dragons eller andre rollespel? 

På våre rollespelssessionar stiller me med alt du treng: 

  • Miniatyrar
  • Terningar
  • Kart og terreng
  • Ferdige figurar
  • Speleleiar 

Du treng berre å møte opp. 

Sessionane passar både for heilt nye spelarar og grupper som ønskjer ei ferdig oppleving utan å måtte førebu noko sjølve. Men, du er sjølvsagt velkomen til å ta med eige utstyr.  

 

🎨 Introduksjon til miniatyrmåling 

Lær grunnleggande teknikkar for å måle miniatyrar. 

Me går gjennom: 

  • Grunning
  • Basefargar
  • Wash
  • Highlight
  • Tørrbørsting
  • Enkle detaljar

Du får med deg modellen du har måla. 


🧩 Skreddarsydde arrangement 

Me kan også setje saman eigne opplegg for: 

  • Bursdagar
  • Bedrifter
  • Skular
  • Bibliotek
  • Festivalar
  • Kulturhus
  • Foreiningar 

Me tilpassar innhald, lengde og vanskegrad etter gruppa. 

 

Alt er inkludert 

 dei fleste arrangementa våre er dette inkludert: 

  • Alt nødvendig utstyr 
  • Materiale
  • Måling
  • Verktøy
  • Rettleiing
  • Ei hyggeleg og avslappa stemning 

Du treng ikkje kjøpe noko på førehand. 

 

Praktisk informasjon om workshopane og kursa

  • Varigheit: 2–6 timar (avhengig av arrangement)
  • Aldersgrense varierer etter workshop
  • Kan haldast hos Miniastyr eller ute hos kunde
  • Pris etter type arrangement og gruppestorleik 

 

Har du ein idé? 

Saknar du ein workshop eller ønskjer noko heilt spesielt? 

Ta kontakt – me elskar å utvikle nye arrangement saman med kundane våre.