DIY Bokstøtte

I dette settet får du alt du treng for å sette saman di eiga bokstøtte. Det einaste du må stille med sjølv, er lim – me anbefaler trelim og superlim – og ei bok du ikkje lenger brukar.

Hugs at du kan lage bokstøtta slik du ynskjer, og oppsettet me viser her er berre eit døme og rettleiing på ein måte å gjere det på.

Det viktigaste er at du sjølv blir fornøgd med resultatet ❤️

 

 

Hugs å la limen tørke mellom kvart steg, spesielt trelimen.

 

Bruk trelim til å lime saman alle sidene i boka langs sidene og på toppen. Pass på at sidene blir heilt rette og flate – det gjer det mykje lettare å feste hyllene seinare. Bruk gjerne klemmer eller liknande for å halde alt på plass mens limet tørkar. Ver raus med limet, men unngå store klumpar på sidene.

 

Du kan bruke 2 skruar til å feste botnplata gjennom bokpermen, frå undersida. Dette gjer bokstøtta ekstra stødig – ein metode me også brukar på våre eigne.

 

Klipp til den eine stoffbiten i den størrelsen du ønskjer teppet. Lim det fast med trelim der du vil ha det plassert.

 

Før du limer noko fast, plasser ut alle møblane for å sjå korleis du vil ha det. Når du er nøgd med oppsettet, kan du gå vidare.

 

Når du har bestemt plassering, lim fast lenestolen og lampen.

 

Lim ein blomst oppi ei potte du liker. Lim potta og eventuelt ei bok fast på det vesle bordet, og lim så bordet på plass i bokstøtta.

 

Lim ein ny potte- og blomsterkombinasjon fast på toppen av bokhylla. Plasser og lim så fast dei bøkene du vil ha i hylla, før du limer heile bokhylla fast der du ønskjer ho i bokstøtta.

 

Klipp til den andre stoffbiten slik at det passar som eit lite pledd. Lim det fast over lenestolen. Eventuelt kan du brette stoffbiten i forma til ei pute.

 

Bruk den største potta og dei store blada til å lage ei gulvplante. Lim fast blada i potta, og lim deretter potta fast på ein valfri plass i bokstøtta.

 

Lim resten av blomane i dei resterande pottene. Plasser desse på den store og vesle hylla – legg gjerne ei bok der også om du vil. Lim alt godt fast der du ønskjer det på bokstøtta.

 

Gratulerer – du har laga ei bokstøtte!

Godt jobba! Me kjem til å lansere fleire slike sett framover – kanskje du har lyst å prøve eit nytt prosjekt når dei kjem?


Alternativt i denne prosessen kan du bruke ein limpistol i staden for superlim.
Hugs då at du må sette ting på plass raskt, sidan limet frå limpistolen tørkar fort og mistar festeevna når det kjølnar.

Du kan òg male både potter og møblar dersom du ønskjer ein annan farge, eller legge til fleire element om du vil.
Igjen - det viktigaste er at du sjølv blir fornøgd med resultatet ❤️

Tagg oss gjerne på Facebook eller Instagram når du er ferdig med å byggje di bokstøtte – me har lyst å sjå korleis du laga di eiga!