Miniastyr
DnD Character Tracker – Premium – førehandsbestilling
DnD Character Tracker – Premium – førehandsbestilling
Couldn't load pickup availability
Premium-utgåva inneheld alt frå standardversjonen, men kjem i tillegg med ei komplett utvidingspakke for deg som vil ha endå fleire moglegheiter ved spelebordet.
I Premium får du i tillegg:
- 5 ekstra trackerar som kan brukast ved sida av hovudtrackeren
- Oppbevaringspose med plass til trackeren og tilbehøyret
- Ei ekstra namneplate, som kan graverast på begge sider med to namn du sjølv vel
- Det betyr at du totalt får to personlege namneplater med opptil fire valfrie namn.
Hald styr på spelet – fysisk
D&D Character Trackeren frå Miniastyr er laga for å gi deg ein enkel og fysisk måte å halde oversikt over karakteren din medan du speler. Flytt dei magnetiske kulene og drei på teljehjula etter kvart som verdiar endrar seg, slik at du alltid har oversikta rett framfor deg.
Trackeren er laga i MDF og har innebygde magnetar som held stålkulene på plass i spora. Teljehjula på toppen gjer det enkelt å justere verdiar undervegs i spelet.
Dette følger med i Premium
- Tracker med magnetar
- Teljehjul for dei ulike verdiane
- Ekstra delar som gjer det mogleg å lage opptil 6 teljarar frå 0–59
- Eigen HP-teljar frå 0–399
- Magnetiske stålkuler til alle teljarane
- 4 ekstra kuler, med eigen lagringsplass i trackeren
- 2 personlege namneplater, kvar med gravering på begge sider
- 5 ekstra trackerar
- Oppbevaringspose til trackeren og tilbehøyret
Gjer trackeren til din eigen
Delen som på bileta er merka med «D&D Tracker» kan tilpassast med namn du sjølv vel.
Kvar namneplate kan graverast på begge sider, slik at du kan velje to ulike namn per plate. Premium-utgåva kjem med to namneplater, noko som gir deg plass til opptil fire forskjellige namn.
Det kan for eksempel vere namna på forskjellige karakterar – berre snu eller byt namneplata når du byter karakter.
Ikkje berre for D&D
Det følger med ekstra delar som kan brukast saman med teljehjula. Desse gjer at du kan sette opp seks separate teljarar som kvar går frå 0 til 59.
Det betyr at trackeren ikkje berre treng å brukast til D&D. Du kan tilpasse teljarane etter kva du sjølv treng å halde styr på, og bruke trackeren i andre rollespel, miniatyrspel eller brettspel der du har behov for fysiske teljarar.
Med dei 5 ekstra trackerane i Premium-utgåva får du endå større fleksibilitet og fleire moglegheiter til å halde styr på ressursar, verdiar eller andre ting som endrar seg gjennom spelet.
Alt kan samlast i den medfølgande oppbevaringsposen, slik at trackeren og tilbehøyret er enkelt å ta med til neste spelekveld.
Førehandsbestilling – spar 100 kr
Ordinær pris for D&D Character Tracker Premium blir 799 kr.
Ved å førehandsbestille får du Premium-utgåva for 699 kr – altså 100 kr rabatt før produktet blir lagt ut for vanleg sal.
Førehandsbestillinga hjelper oss samtidig med å planleggje den første produksjonsrunden og produsere riktig mengde.
Førehandsbestill Premium no for 699 kr.
Merk: Dette er ei førehandsbestilling. Forventa utsending er frå 1. oktober 2026. Andre varer som blir bestilte saman med dette produktet, blir sende samtidig med førehandsbestillinga.
Designa og produsert av Miniastyr i Noreg.
Share
