Skip to product information
1 of 7

Miniastyr

Call of Cthulhu – Investigator Tracker - Førehandsbestilling

Call of Cthulhu – Investigator Tracker - Førehandsbestilling

Regular price 399,00 NOK
Regular price 499,00 NOK Sale price 399,00 NOK
Sale Sold out
Taxes included. Shipping calculated at checkout.

Hald oversikta når etterforskinga tek ei mørk vending.

Denne handlaga trackeren er utvikla for Call of Cthulhu 7th Edition, og gir deg ein enkel og oversiktleg måte å halde styr på dei viktigaste ressursane og tilstandane til etterforskaren din medan du speler.

Trackeren er ikkje meint å erstatte karakterarket ditt. I staden samlar han det som stadig endrar seg gjennom spelet på éin stad, slik at du slepp å viske, skrive og leite på karakterarket kvar gong du tek skade, mistar Sanity eller brukar Luck.

 

Dette følger med

  • Tracker med magnetar
  • Teljehjul for dei ulike verdiane
  • Ekstra delar som gjer det mogleg å lage opptil 6 teljarar frå 0–59
  • Magnetiske stålkuler til alle teljarane
  • Personleg namneplate med opptil to valfrie namn

 

Laga for spelebordet

Trackeren er utvikla med eitt enkelt prinsipp: Karakterarket fortel kven etterforskaren din er – trackeren held styr på kva som skjer med han eller henne undervegs.

Difor har vi ikkje fylt trackeren med eigenskapar og ferdigheiter som STR, DEX, INT eller Spot Hidden. Desse finn du framleis på karakterarket. Her får du i staden dei verdiane du faktisk justerer gjennom ei speløkt.

 

Utvikla og produsert i Noreg

Trackeren er utvikla av Miniastyr og vert produsert og sett saman lokalt. Hovudmaterialet er trebasert MDF, og kvar tracker vert laserkutta og sett saman før han er klar for spelebordet.

Resultatet er eit fysisk speleverktøy som både gir betre oversikt og passar inn i den mørke, mystiske stemninga rundt eit Call of Cthulhu-bord.

 

Når kulter samlar seg i mørket, gamle bøker burde fått liggje urørte og Sanity sakte forsvinn, har du i alle fall kontroll på tala.

 

Merk: Dette er ei førehandsbestilling. Trackeren vert tidlegast sendt ut 1. oktober 2026. Dersom du bestiller andre varer saman med denne, vert heile bestillinga sendt samla.

View full details