Eg har alltid sett på ferdigmala basar og tenkt, eg skulle ønske eg kunne få fleire basar av god kvalitet og for ein rimelig sum. Derfor har eg no laga desse, for alle som treng basar til mange miniatyrar, anten det er til rollespel, miniatyrspel eller ein spesiell modell du har i samlinga.
Basane er handmala og handlaga av meg. Difor vil utsjånad vere litt forskjellig, men temaet vil alltid vere det same.
Kvar pakke inneheld 2 basar.
Basane er 3D-printa på ein FDM printer, med PLA+ frå Esun.
Dei er òg klare for magnetisering, med plass til ein 8x2 millimeter magnet, og 3 5x2 millimeter magnetar på undersida i eit eige rom.