Miniastyr
DnD Character Tracker – førehandsbestilling
DnD Character Tracker – førehandsbestilling
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
Hald styr på det viktigaste gjennom spelet – utan papir, notat eller mobilen på bordet.
D&D Character Trackeren frå Miniastyr er laga for å gi deg ein enkel og fysisk måte å halde oversikt over karakteren din medan du speler. Flytt dei magnetiske kulene og drei på teljehjula etter kvart som verdiar endrar seg, slik at du alltid har oversikta rett framfor deg.
Trackeren er laga i MDF og har innebygde magnetar som held stålkulene på plass i spora. Teljehjula på toppen gjer det enkelt å justere verdiar undervegs i spelet.
Dette følger med
- Tracker med magnetar
- Teljehjul for dei ulike verdiane
- Ekstra delar som gjer det mogleg å lage opptil 6 teljarar frå 0–59
- Eigen HP-teljar frå 0–399
- Magnetiske stålkuler til alle teljarane
- 4 ekstra kuler, med eigen lagringsplass i trackeren
- Personleg namneplate med opptil to valfrie namn
Gjer trackeren til din eigen
Delen som på bileta er merka med «D&D Tracker» kan tilpassast med namn du sjølv vel.
Namneplata kan graverast på begge sider, slik at du kan velje to ulike namn på same plate. Det kan for eksempel vere namna på to forskjellige karakterar – berre snu plata når du byter karakter.
Ikkje berre for D&D
Det følger med ekstra delar som kan brukast saman med teljehjula. Desse gjer at du kan sette opp seks separate teljarar som kvar går frå 0 til 59.
Det betyr at trackeren ikkje berre treng å brukast til D&D. Du kan tilpasse teljarane etter kva du sjølv treng å halde styr på, og bruke trackeren i andre rollespel, miniatyrspel eller brettspel der du har behov for fysiske teljarar.
Alt er samla på éin plass og klart til bruk ved spelebordet.
Merk: Dette er ei førehandsbestilling. Forventa utsending er frå 1. oktober 2026. Andre varer som blir bestilte saman med dette produktet, blir sende samtidig med førehandsbestillinga.
Designa og produsert av Miniastyr I Noreg.
Share
