Hopp til produktinformasjon
1 av 6

Miniastyr

ALIEN RPG Character Tracker - Førehandsbestilling

ALIEN RPG Character Tracker - Førehandsbestilling

Vanlig pris 399,00 NOK
Vanlig pris 499,00 NOK Salgspris 399,00 NOK
Salg Utsolgt
Inkludert avgifter.

Hald styr på det viktigaste gjennom spelet – utan papir, notat eller mobilen på bordet.

ALIEN RPG Character Trackeren frå Miniastyr er laga for å gi deg ein enkel og fysisk måte å halde oversikt over karakteren din medan du speler. Flytt dei magnetiske kulene og drei på teljehjula etter kvart som stresset aukar, helsa fell eller ressursane byrjar å ta slutt.

Trackeren er laga i MDF og har innebygde magnetar som held stålkulene på plass. Teljehjula gjer det enkelt å justere verdiar undervegs, medan eigne markørar held styr på tilstandar og Stress Responses.

Trackeren er utvikla med utgangspunkt i mekanikkane i ALIEN RPG Evolved Edition, og fokuserer på verdiar som faktisk endrar seg gjennom spelet.

 

Dette følger med

  • Tracker med innebygde magnetar
  • Magnetiske stålkuler til markørane
  • Teljar for Health
  • Teljar for Stress Level
  • Teljar for Radiation
  • Teljar for Story Points
  • Markering av Resolve
  • Markør for Fatigued
  • Markørar for dei seks Stress Responses: Jumpy, Tunnel Vision, Aggravated, Shakes, Frantic og Deflated
  • Teljarar for Air, Ammo og Power

 

Stress, skade og panikk – samla på éin plass

Stress står sentralt i ALIEN RPG, og trackeren gjer det enkelt å sjå både Stress Level og aktive Stress Responses utan å stadig endre på character sheetet.

Når karakteren blir skadd, utsett for stråling eller blir Fatigued, kan dette òg markerast direkte på trackeren. Dermed har du dei viktigaste verdiane framfor deg når situasjonen begynner å bli kritisk.

 

Hald styr på ressursane

I ALIEN RPG kan luft, ammunisjon og straum vere minst like viktig som Health.

Trackeren har derfor eigne teljarar for Air, Ammo og Power, slik at du enkelt kan justere Supply Ratings etter kvart som ressursane blir brukte opp.

Alt er samla på éin plass og klart til bruk ved spelebordet – slik at du kan bruke mindre tid på å viske og skrive, og meir tid på å bekymre deg for kva som lagar den lyden i ventilasjonssystemet.

 

Merk: Dette er ei førehandsbestilling. Forventa utsending er frå 1. oktober 2026. Andre varer som blir bestilte saman med dette produktet, blir sende samtidig med førehandsbestillinga.

 

Designa og produsert av Miniastyr i Noreg.

Vis alle detaljer