Miniastyr
DIY Bokstøtte
DIY Bokstøtte
Couldn't load pickup availability
Lag di eiga bokstøtte – DIY-kit med miniatyrmøblar og detaljar
Skap noko heilt unikt med dette kreative DIY-settet for å lage di eiga bokstøtte! Her får du alt du treng for å bygge ei stemningsfull lita verd inni ei bok – komplett med blant anna miniatyrmøblar, planter, stoff og hylleplater. Du bidreg sjølv med lim og ei bok du ikkje lenger brukar.
Settet passar perfekt for deg som likar å pusle, dekorere eller vil lage ei gåve heilt utanom det vanlege.
Innhald i settet:
- botnplate
- Lenestol, lampe, bord og bokhylle
- Potter, plantar og bøker
- Stoffbitar til teppe og pledd
- 2 Hyller
Fargane på møblane, pottene og stoffet blir valde for kvart enkelt sett, så dette vil variere. Slik sikrar vi at du får ei heilt unik bokstøtte.
Du treng i tillegg:
- Ei bok (helst med hard perm)
- Trelim og/eller superlim
- Eventuelt maling og ekstra pynt – berre fantasien set grenser!
Slik fungerer det:
Du limer saman sidene i boka, festar botnplata og innreier med møblar, planter og stoff. Du bestemmer sjølv korleis det skal sjå ut. Innstruksjonane guidar deg steg for steg, og mellom kvart steg lar du limet tørke godt for best resultat.
Gjer det til ditt eige prosjekt
Møblane og pynten kan enkelt målast eller dekorerast etter eigen stil. Du kan òg leggje til eigne detaljar og element for å gjere bokstøtta endå meir personleg.
💡 Tips: Tagg oss gjerne på Instagram eller Facebook med resultatet – me elskar å sjå korleis du bygg di eiga bokstøtte!
Share

